Helsedirektoratet har i samarbeid med Direktoratet for e-helse gjort ei utgreiing av e-konsultasjon hos fastlegane og i legevakt i ein felles rapport som oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
18.01.2019 09:12
Rapporten brukar erfaringar frå Noreg (blant dei legar som nyttar seg av e-konsultasjon (tekst, video og bilete) i dag, og kunnskap om bruk av e-konsultasjon i land som Sverige, Danmark og England.
I arbeidet med rapporten har direktorata hatt nær dialog med Legeforeningen, pasient- og brukarorganisasjonar og leverandørar av e-konsultasjonsløysingar.
Rapporten legg vekt på at e-konsultasjon bidreg til å modernisere fastlegeordninga. E-konsultasjon blir ein viktig del av innbyggjarane og pasientane si netthelseteneste. E- konsultasjon skal vera enkelt, spare tid, kan auke tilgjenge og gjere arbeidskvardagen meir fleksibel både for innbyggjarar og legar. Truleg vi fleire konsultasjonar skje via tekst- og videokonsultasjon i framtida.