Stian blei lam i ei motorsykkelulykke for fire år sidan. No vil retten gi han dobbelt så mykje i erstatning for økonomisk tap som forsikringsselskapet tilbaud.
– Er det ein ting eg har lært meg, så er det dei tre t-ane: Ting tar tid, seier Stian Tollefsen, mens han svingar rullestolen inn i heisen.
Trass i berre nokre få meters høgdeforskjell, brukar heisen frå stova og ned til inngangsdøra mellom 30 og 40 sekund.
NRK 03.02.26
