Ulovlege gebyr hos fastlege

Helsedirektoratet har mottatt ein del førespurnader om pasientbetaling for kontakt med fastlegekontoret ved bruk av SMS eller internett. Vurderinga til helsedirektoratet er at det ikkje er lov å pålegge pasientane denne typen ekstra eigenbetaling.

Vi har tidlegare orientert fastlegar og kommunar om at dette ikkje er lovleg, og bede om at det blir slutt på denne praksisen.

Helsedirektoratet presiserer at denne regelverksforståinga er klarert med Helse- og omsorgsdepartementet, og det er semje om at det er ulovleg å pålegge pasientane gebyr for å kontakte legekontoret ved bruk av SMS eller internett.

I media har det blitt vist til eit brev frå Helse- og omorgsdepartementet til pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane datert 2. januar 2017 (link til brevet)

Dette brevet må sjåast i samanheng med brev frå departementet til Helsedirektoratet frå 26. april 2017. (Link til brevet), og medfører ikkje aksept for gebyr på bruk av SMS eller internett i kontakten med legekontoret.

Det er den einskilde kommune som har avtale med fastlegane i eigen kommune, og som difor har ansvaret for å følgje opp kvar einskild fastlege og setje i verk eventuelle sanksjonar mot legen dersom det skjer lovstridig praksis.

Pasientar som opplever at det blir kravt ulovlege gebyr kan ta dette opp med fastlegen eller ta kontakt med kommunen der dei bur.

Dette innlegget ble publisert i Helse, Nyheter, Politikk. Bokmerk permalenken.