Kranglar med forsikringsselskap om nakkeskade

helgewllmann

– Eg har brukt 100.000 kroner frå eiga lomme på dette. No er eg usikker på om eg skal ta det vidare til retten, sidan det kan bli så mykje som 500.000 kroner dersom eg tapar, seier mannen frå Askøy.

I 2002 jobba Wilmann som forpleiingsassistent i Sodexo, eit serviceselskap som sel catering- og forpleiingstenester. Hausten dette året melde han seg frivillig på livbåtførarkurs hjå Falck Nutec i Stavanger.
Les også

– Då vi skulle stupe med livbåten ned i vatnet, omkring sju meter ned, var ikkje firepunktsselen stram nok. Så hovudet mitt blei heldt att. Dagen etter vakna eg med veldige smerter i nakken. Eg måtte rulle meg sjølv ut av senga, for eg klarte ikkje å løfte hovudet, fortel Wilmann.

Han meiner han fekk ein nakkesleng som svarar til ein bilpåkøyrsel bakfrå.

– Eit firma rekna ut at ekstensjonsdraget i hovudet var på 3G, tre gonger mi eiga vekt. Berre å rekne ut dette kosta meg 18.000 kroner, seier han fortvilt.

Han lurer òg på kvifor kursleiaren i Falck Nutec ikkje fekk han til legesjekk etter hendinga.

Les hele saken her.

BT.no 24.08.2016

Skroll til toppen